Dette er en side om Gourmetklubben, mat, drikke, livsnytelse og friluftsliv.
Dette er en side om Gourmetklubben, mat, drikke, livsnytelse og friluftsliv.
| Hjem | Om Gourmetklubben | Gourmet mat | Drikke | Friluftsliv | Ting og tang | Linker | kontaktsiden | Gjestebok |

Med telt i naturen

Med telt kan du:
fritt overnatte same stad i utmark inntil 2 døgn i låglandet, utan å spørje grunneigar. På høgfjellet og langt frå busette område kan du telte lenger enn 2 døgn. Du skal aldri setje opp teltet nærare enn 150 m frå hus eller hytte der det bur folk, og pass på at du set opp teltet slik at det ikkje skadar ungskogen. Hugs at på innmark kan du ikkje setje opp telt utan løyve frå grunneigar.

Du kan også tenne opp bål når du er på tur, men ikkje i eller i nærleiken av skogsmark i tida 15.4. til 15.9. Ikkje skad tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvistar. Dersom du lagar bål i strandkanten - ikkje legg bålplassen rett på svaberg slik at berget sprekk opp.

Set du opp telt i utmark, hugs:
• å ta omsyn til ferdsels- og teltreglar i frilufts- og naturvernområde av omsyn til slitasje og sårbare område for dyr og planter
• å nytte etablerte raste- og teltplassar
• å leggje teltplassen slik at du ikkje uroar dyre- og fugleliv, særleg i yngle- og hekketida
• at du ikkje lagar varige spor i vegetasjonen eller terrenget
• å respektere andre brukarar sine behov for avstand til nabotelt og å ha det stilt rundt seg
• å nytte etablerte bålplassar og vere ekstra varsam med bruk av eld
• at du ikkje uroar husdyr på beite
• å respektere nærings- og brukarinteresser, Ver nøye med å rydde teltplassen når du dreg. Avfall tek du med, ingenting skal liggje att!

Prøv turistinformasjonen eller kommunen om du treng opplysingar om lokale tilhøve. Informasjon om friluftslivaktivitetar kan du få hos Friluftslivets Fellesorganisasjon på tlf.nr.: 66 90 01 46

Tilbake til friluftsliv

| Hjem | Om Gourmetklubben | Gourmet mat | Drikke | Friluftsliv | Ting og tang | Linker | kontaktsiden| Toppen |
Copyright 2014 by Gourmetklubben Mat og venner